Nyhende

Total 1540 results

  • Forskingsdagane 2026 i gang: Professor i mediejuss fekk FoU-prisen

    Artikkel

    Forskingsdagane 2026 i gang: Professor i mediejuss fekk FoU-prisen

    Publisert

    – Eg har oppriktig glede av å vere ein liten bit av den store mosaikken som bringar ny kunnskap om verda, sa Ellen Lexerød Hovlid då ho fekk prisen for forsking og utvikling (FoU). Bli kjend med prisvinnaren her.

  • VoldaKom: Ei næring i vekst – og under press

    Artikkel

    VoldaKom: Ei næring i vekst – og under press

    Publisert

    Fiskeoppdrett skaper arbeidsplassar og framtidstru, men møter også kritikk og spørsmål om miljøansvar. På VoldaKom-seminaret under Forskingsdagane 2026 samla Høgskulen i Volda studentar og kommunikasjonsmiljøet for å utforske kontrastane og korleis næringa møter dei.

  • Jan Inge Sørbø fekk Skjervheimprisen 2026

    Artikkel

    Jan Inge Sørbø fekk Skjervheimprisen 2026

    Publisert

    Skjervheimprisen blir årleg tildelt nokon som har markert seg med eit sterkt samfunnsengasjement i ånda til filosofen og samfunnsdebattanten Hans Skjervheim.

  • Vil styrkje tilliten mellom oss med KI-satsing på biblioteka

    Artikkel

    Vil styrkje tilliten mellom oss med KI-satsing på biblioteka

    Publisert

    Korleis kan vi byggje demokratisk beredskap gjennom folkebiblioteka? Dette utforskar ei ny internasjonal satsing med base i Møre og Romsdal. Prosjektet skal undersøkje kva samfunnet kan få ut av å gi alle praktisk opplæring i kunstig intelligens (KI).

  • Media i Volda: Internpraksisen er i gang

    Artikkel

    Media i Volda: Internpraksisen er i gang

    Publisert

    Jakta på gode historier og nyheiter har starta for fullt når bachelorstudentane i journalistikk skal drive mediehus dei neste seks vekene. Les Nærnett, sjå Nærsynet og høyr Radio Volda, og møt framtidas journalistar!

  • Tillit er temaet for Forskingsdagane 2026

    Artikkel

    Tillit er temaet for Forskingsdagane 2026

    Publisert

    Høgskulen i Volda inviterer store og små til forskingsfestival 16.–27. september! Bli med og lær om alt frå kakebord og kunstig intelligens til Hans Strøm, språket vårt og tilliten til kultur.

  • Still til val i Studentparlamentet 2026-27

    Artikkel

    Still til val i Studentparlamentet 2026-27

    Publisert

    Elleve studentrepresentantar og elleve vararepresentantar skal veljast inn i Studentparlamentet i Volda. Fristen for å stille til val til Studentparlamentet er tysdag 1. september.

  • Betre svar på «Kvifor må vi lære dette?» i mattetimen

    Artikkel

    Betre svar på «Kvifor må vi lære dette?» i mattetimen

    Publisert

    Spørsmålet om kvifor kjem fort når elevar skal lære matematikk. No vil to Volda-forskarar vise at kvardagen er full av praktiske og motiverande måtar å lære faget på.